fredag, mars 31, 2006

Statt upp du staute maalbloggar!

Då eg søkte etter andre bloggarar som har "nynorsk" som interest, fann eg berre sju treff. Dette er litt skuffande, for eg har vore borti fleire bloggarar som skriv feiande flott nynorsk. Eg har sysla med tanken å leggje permalekkjer til bloggar i nynorsk språkbunad ute på høgresida her. Dersom du sjølv bloggar på nynorsk, eller har vore borti nokon som gjer det, kan du godt skrive ein kommentar, so skal du sjå at du får ei lekk heilt gratis.





Statt upp du staute maalbloggar!

torsdag, mars 30, 2006

Nynorsk Innanfor



Bloggen min er no sertifisert som ei Nynorsk Innanfor-side.

Dette er ei sertifisering som kan nyttast på sider med hovudsakleg nynorsk språk og eg er stolt over å smykke meg med denne.

Du kan lesa meir om denne sertifiseringi her.

Vonar innhaldet framover kan halde eit so høgt nivå at det ikkje gjer skam på merket.

onsdag, mars 29, 2006

By og land - mann mot mann, eller...?

Den fyrste reaksjonen eg fekk på at eg hadde byrja blogge var at det jammen var på tide. Det tykkjer eg sjølv med, men vedkomande meinte det var på høg tid av di eg hadde for mange meiningar til å vera bonde. Eg meiner ikkje å hengje ut nokon og veit at vedkomande kjem til å lesa dette. Nett difor torer eg skriva det.
Eg er viss på at vedkomande meinte å gje ein kompliment, men eg vart eigentleg mest trist.

Kvifor er det slik mange stader i verdi at nett bønder vert sett på som idiotar?

Er det av di me er dumme, eller av di folk treng nokon å sjå ned på. Altso; har bønder generelt lægre intelligensnivå enn andre folk, eller vert me berre sett ned på av same grunn som jødar og negrar vert sett ned på av mange?

Ein kan tenkje seg at dei som flytter vekk frå bygdene og får seg utdanning er dei med høgste intelligensen, og i og med at flukten frå bygdene har ride oss som ei mare dei siste to generasjonane er det berre rasket att.
Denne teorien held ikkje vatn, ettersom bondehatet er mykje eldre enn den store urbaniseringi. Dei lærde og overklassa har støtt sett på bønder som lægre utrusta, og etterkvart som ikkje "alle" i byom lenger har besteforeldre eller andre slektningar som er bønder, har denne ukunna breidd seg til fleire lag av folket.

For eg hevdar det handlar om ukunne!

Kva skal ein bonde kunne?
Om eg tek meg sjølv som eksempel, kan eg setja opp ei stutt liste over ting eg bør ha greie på. Eg er diverre ikkje agronom, slik eg burde vore for å drive gard, og lyt difor innhente mykje informasjon frå far min, kollegaer og tidsskrifter med meir.

Jordarbeid:
- Ha greie på jordsmonn og -struktur
- Vite kva som skal gjerast med jordi og til kva tid
- Lesa vêret, sjå på vêrmeldingane og planleggje når det er mogleg å få gjort det som skal gjerast
- Vite kvar det bør grøftast og korleis
- Kunne køyre traktor og få gjort det som skal gjerast
- Ha kjennskap til reidskap so som møkjaspreidar, kunstgjødselspreidar, plog, harv, slodd, såmaskin, slåmaskin, rundballemaskin, rundballepakkemaskin med fleire
- Kunne utføre enkle reparasjonar på før nemnte reidskap, for Fanden skal vita at det går sundt midt i travlaste onni
- Skogsarbeid...

Fjøsarbeid:
- Kunne fôre kalvar, kviger, mjølkekyr, sinkyr og uksar på rett vis
- Kunne mjølke kyrne når dei skal mjølkast, på ein måte som gjer at jurhelsa held seg god
- Kunne ha god reinsemd slik at dyri er friske og har god trivsel
- Vite når kyrne er brunstige og få inseminert eller para til rett tid i syklusen
- Sjå teikn på sjukdom og kunne grunnleggjande fyrstehjelp
- Vite kva dei eventuelt skal vaksinerast mot og når
- Vera jordmor ved kalving
- Vita korleis ein får tame og medgjerlege dyr
- Kunne handsame alle dyr, frå kalvar på 20kg til uksar på 700kg, utan at dei eller ein sjølv vert skadd
- Halde god hygiene og bruke rett kjemikaliar for å halde jamn og god kvalitet på mjølk og kjøt
- Vera snarrådig når storuksen har slite seg...

Vedlikehald:
- Kunne bruke hamar og spikar på eit slik vis at eit tjuetals bygningar ikkje forfell
- Kunne bruke før nemte reidskap til å gjera om etterkvart som ein får andre turfter eller det kjem pålegg frå Brüssel om å endre på ting
- Vera murar om det trengst
- Vera røyreleggjar når røyr spring lekk fredag kl. 16.01
- Vera målar når dei før nemnte bygnadane flassar utilgjeveleg mykje...

Økonomistyring:
- Ettersom ein er sjølvstendig næringsdrivande, lyt ein sjølv passe etter at ein ikkje investerar over evne, men helder ikkje sparar seg til fant
- Ein lyt kunne setje opp eit budsjett, so ein veit kva ein har å rutte med og kan forvente å kunne ta ut til privat forbruk
- Ein skal kunne føre sin eigen rekneskap på eit slikt vis at revisorane ikkje får alt for mykje slå seg for bringa etter...

Og so burtetter og so burtetter.

Og då har eg ikkje nemt at ein skal prøve å få fritid og tid saman med familien.

Eg innser at eg ikkje kan alt dette. Eg kjem truleg ikkje til å kunne alt nokon gong helder, og dette er berre ei stutt liste eg raska saman.

Eit stutt samandrag:
- Jordarbeidar
- Skogarbeidar
- Dyrehaldar
- Veterinær
- Sjef
- Økonomistyrar
- Snikkar/murar/røyrleggjar
- Mekanikar
- Familiefar...

Men dei viktigaste eigenskapane ein kan ha som bonde er truleg å vera snarrådig og flink til improvisere.

Eg veit ikkje om dette kvalifiserar til å verte sett ned på, men eg skriv det på ukunna - for eg vil ikkje falla i den grøfti å kalla byfolk idiotar...

By og land - mann mot mann, eller...?

EDIT: Les dette!

tysdag, mars 28, 2006

Og Jordi har vorte rund!

I gamle dagar, då alt var mykje vanskelegare, var alt mykje enklare.

Til dømes inneheldt ting mykje færre ingrediensar. Ikkje berre maten, men alt.
Det var til dømes sju metall å kunne: sylv, kvikksylv, kopar, gull, jarn, tinn og bly.
Verdi var bygd opp av fire element; jord, eld, vind og vatn.
Og menneska var samansette av fire stoff; blod, slim og gul og svart galle, dei sokalla kardinalvætene. Desse samsvarar med dei fire elementi, ved at blodet er varmt og fuktig og svara til luft, slim var vått og kaldt og svara til vatn, gul galle var varm og turr og svara til eld og svart galle var turr og kald og svara til jord.

Blandingsforholdet millom dei ulike vætene avgjorde personlegdom, væremåte, helse og kjønn. Kvinnfolki inneheldt meir galle enn menn og ein kan vel tenkje seg kvar den tanken kom frå (les forrige post).

No er alt so komplisert. Ikkje berre inneheld maten mykje meir, slik som til dømes konserveringsmiddel som gjer at kyrkjegardsgravarane sin kvardag vert ein heil del eklare, ettersom me ikkje rotnar som me brukte gjera i gamle dagar då maten ikkje inneheldt so mykje rart, og dei grev opp so og seia inntakte lik etter 20 år, men alt inneheld mykje meir.

Kor mange grunnstoff har me ikkje no til dags? Jau, 103! Det er jo galskap! Sju metall går det an å hugse på, men 103 - det er berre tull å gå ikring og hugse på, jamfør naturfag på gymnaset.
Og menneska er ikkje bygt opp av fire stoff lenger nei. No veit dei ikkje berre om blod og magesyre og snørr, men dei veit at det er bygd opp av atom som i sin tur er sett saman av protonar og nøytronar og kokosmakronar, og kven veit kva dei så er sett saman av?

Fysikk og biologi i gamle dagar trur eg var mykje morosamare enn det er no. Då kunne dei jo berre finne på noko dei tykte var morosamt og so late som dei fann prov på det. Disseksjonen kom jo ikkje før lenge etter at dei fann ut at me var bygde opp av slim, blod og galle. (Det var vel då dei byrja med det, at dei fann ut at det ikkje var nett slik dei hadde trudd.)

Eg prøvde ofte denne metoda i før nemnte skulefag, men ingen av lærarane gav meg noko særleg uttelljing for at eg var oppfinnsam og nytenkjande.

Ikkje rart me er vorte fantasilause og desillusjonerte!

Og Jordi har vorte rund!

måndag, mars 27, 2006

Vil du'kje, so skal du...

Alle Guds skapnader vert styrde av to ting: Instinkt og hormon.
Mennesket er ikkje noko undantak i so måte.
Vær no ærleg med deg sjølv og spør deg: "Kva gjer me her på Jordi", og "Kva ynskjer eg å gjera her på Jordi?"
Svaret på det fyrste er: "Me et, søv, formeirer og forsvarar oss".
Svaret på det andre kan nok variere noko, men alt kokar ned til dette; me handlar av instinkt for å få dekt turftene våre, og hormoni hjelper oss til millom anna å føre slekti vidare og verte fryktlause idiotar når nokon trugar territoriet vårt.

Kvar vil eg so med dette?
Jau, eg kom til å tenkje på dette av di eg har tenkt ein del på kvifor kvinnfolki slær seg so kokande vrange når dei har månadstidi si. Då er dei sure som sild og krever til og med at me skal respektere dei for det, av di "det berre ER slik!"

Ja, slik er det berre. Det har eg innsett. Men kvi er det slik? Har dette nokon funksjon i kampen for å overliva?
Eg trur det, for kva er einaste botemiddelet mot menstruasjon?
Jau, bortsett frå alder og toppidrett, er den sikraste medisin graviditet.
Mi tese går altso ut på at kvinnfolka sine lunefulle påfunn er naturen sin måte og straffe oss mannfolk på, av di me ikkje har sett til at dei har vorte gravide, og altso fører slekti vidare.

Ikkje berre har me vorte laga slik at me ynskjer å gjera slikt som lyt til om ein skal verta fleire, men jammen er det utligna ein straff som ventar på oss, om me ikkje greier å fullføre oppdraget.

Vil du'kje, so skal du...

søndag, mars 26, 2006

Snu om på bokstavane - Det gjev meining!

I desse dagar held Vesten pusten i redsle for å få fugleinfluensa - ei sjuke som faktisk ikkje finst endå! Fugleinfluensa smittar frå fugl til fugl og stundom til menneske dersom ein bur i eit hønehus der alle hønene er smitta og står i ring kring deg og hostar på deg medan du hyperventilerar.

I andre deler av verdi døyr folk som fluger av det ein kan kalla flugeinfluensa - Malaria. Malaria smittar ved at ein får eit flugebit. Det drep ein unge kvart 30 sekund og smittar minst 500 millionar menneske kvart år. Av desse døyr minst ein million. (Kjelde: UNICEF)

Men dette er jo i Afrika...

Snu om på bokstavane - Det gjev meining!

laurdag, mars 25, 2006

Fyrste post:

Etter å ha studert bloggsjangeren ei rid no, har eg skjøna at ein lyt ha ein fyrste post som heiter omlag "Fyrste post". Eg tykkjer det er viktig å halde seg innanfor sjangergrensene fram til ein veit kva ein driv på med, for so å sprenge dei åt Helheim.

Difor altso: Endeleg!

Fyrste post!