onsdag, mars 29, 2006

By og land - mann mot mann, eller...?

Den fyrste reaksjonen eg fekk på at eg hadde byrja blogge var at det jammen var på tide. Det tykkjer eg sjølv med, men vedkomande meinte det var på høg tid av di eg hadde for mange meiningar til å vera bonde. Eg meiner ikkje å hengje ut nokon og veit at vedkomande kjem til å lesa dette. Nett difor torer eg skriva det.
Eg er viss på at vedkomande meinte å gje ein kompliment, men eg vart eigentleg mest trist.

Kvifor er det slik mange stader i verdi at nett bønder vert sett på som idiotar?

Er det av di me er dumme, eller av di folk treng nokon å sjå ned på. Altso; har bønder generelt lægre intelligensnivå enn andre folk, eller vert me berre sett ned på av same grunn som jødar og negrar vert sett ned på av mange?

Ein kan tenkje seg at dei som flytter vekk frå bygdene og får seg utdanning er dei med høgste intelligensen, og i og med at flukten frå bygdene har ride oss som ei mare dei siste to generasjonane er det berre rasket att.
Denne teorien held ikkje vatn, ettersom bondehatet er mykje eldre enn den store urbaniseringi. Dei lærde og overklassa har støtt sett på bønder som lægre utrusta, og etterkvart som ikkje "alle" i byom lenger har besteforeldre eller andre slektningar som er bønder, har denne ukunna breidd seg til fleire lag av folket.

For eg hevdar det handlar om ukunne!

Kva skal ein bonde kunne?
Om eg tek meg sjølv som eksempel, kan eg setja opp ei stutt liste over ting eg bør ha greie på. Eg er diverre ikkje agronom, slik eg burde vore for å drive gard, og lyt difor innhente mykje informasjon frå far min, kollegaer og tidsskrifter med meir.

Jordarbeid:
- Ha greie på jordsmonn og -struktur
- Vite kva som skal gjerast med jordi og til kva tid
- Lesa vêret, sjå på vêrmeldingane og planleggje når det er mogleg å få gjort det som skal gjerast
- Vite kvar det bør grøftast og korleis
- Kunne køyre traktor og få gjort det som skal gjerast
- Ha kjennskap til reidskap so som møkjaspreidar, kunstgjødselspreidar, plog, harv, slodd, såmaskin, slåmaskin, rundballemaskin, rundballepakkemaskin med fleire
- Kunne utføre enkle reparasjonar på før nemnte reidskap, for Fanden skal vita at det går sundt midt i travlaste onni
- Skogsarbeid...

Fjøsarbeid:
- Kunne fôre kalvar, kviger, mjølkekyr, sinkyr og uksar på rett vis
- Kunne mjølke kyrne når dei skal mjølkast, på ein måte som gjer at jurhelsa held seg god
- Kunne ha god reinsemd slik at dyri er friske og har god trivsel
- Vite når kyrne er brunstige og få inseminert eller para til rett tid i syklusen
- Sjå teikn på sjukdom og kunne grunnleggjande fyrstehjelp
- Vite kva dei eventuelt skal vaksinerast mot og når
- Vera jordmor ved kalving
- Vita korleis ein får tame og medgjerlege dyr
- Kunne handsame alle dyr, frå kalvar på 20kg til uksar på 700kg, utan at dei eller ein sjølv vert skadd
- Halde god hygiene og bruke rett kjemikaliar for å halde jamn og god kvalitet på mjølk og kjøt
- Vera snarrådig når storuksen har slite seg...

Vedlikehald:
- Kunne bruke hamar og spikar på eit slik vis at eit tjuetals bygningar ikkje forfell
- Kunne bruke før nemte reidskap til å gjera om etterkvart som ein får andre turfter eller det kjem pålegg frå Brüssel om å endre på ting
- Vera murar om det trengst
- Vera røyreleggjar når røyr spring lekk fredag kl. 16.01
- Vera målar når dei før nemnte bygnadane flassar utilgjeveleg mykje...

Økonomistyring:
- Ettersom ein er sjølvstendig næringsdrivande, lyt ein sjølv passe etter at ein ikkje investerar over evne, men helder ikkje sparar seg til fant
- Ein lyt kunne setje opp eit budsjett, so ein veit kva ein har å rutte med og kan forvente å kunne ta ut til privat forbruk
- Ein skal kunne føre sin eigen rekneskap på eit slikt vis at revisorane ikkje får alt for mykje slå seg for bringa etter...

Og so burtetter og so burtetter.

Og då har eg ikkje nemt at ein skal prøve å få fritid og tid saman med familien.

Eg innser at eg ikkje kan alt dette. Eg kjem truleg ikkje til å kunne alt nokon gong helder, og dette er berre ei stutt liste eg raska saman.

Eit stutt samandrag:
- Jordarbeidar
- Skogarbeidar
- Dyrehaldar
- Veterinær
- Sjef
- Økonomistyrar
- Snikkar/murar/røyrleggjar
- Mekanikar
- Familiefar...

Men dei viktigaste eigenskapane ein kan ha som bonde er truleg å vera snarrådig og flink til improvisere.

Eg veit ikkje om dette kvalifiserar til å verte sett ned på, men eg skriv det på ukunna - for eg vil ikkje falla i den grøfti å kalla byfolk idiotar...

By og land - mann mot mann, eller...?

EDIT: Les dette!

1 Kommentarar:

Anonymous Anonym sa...

Takk takk!
Fint innlegg fra deg også!

7/4/06 21:31  

Legg inn en kommentar

<< Home