måndag, mai 22, 2006

guris gale verd: Rike bønder og flygande grisar...

Denne LAUT eg berre lage lekkje til!

guris gale verd: Rike bønder og flygande grisar...

tysdag, april 11, 2006

Slik vert du bonde, heilt utan erfaring frå før

måndag, april 03, 2006

HTML-skulen, del I

Kva er HTML?

HTML tyder Hyper Text Markup Language og er eit språk på same viset som nynorsk og kantonesisk. Einaste skilnaden er at det er eit språk som nettlesarar forstår seg på, i motsettnad til nynorsk og kantonesisk.
Dette vil altso seia at HTML er det språket ein nyttar når ein skriv vevsider, slik som til dømes ein blogg som dette her.

Eg fekk spørsmål om korleis eg hadde gjort eit par ting eg har gjort her på bloggen min og tenkte eg vilde dele det med dykk:

Når du vil endre på noko i korleis bloggersida di ser ut, skal du gå inn i kontrollpanelet på Blogger og velge template på øvste arkfanerekkja. Då får du opp mykje HTML.

Korleis har eg fått lagt inn "Nynorsk Innanfor"-logoen på høgresida her:
Ettersom dette skal liggje på høgresida, fann eg staden i templaten der høgresida er definert. Der står det enkelt og greitt "<!-- Begin #sidebar -->".
Etter profilen, la eg inn følgande kode:
<img src="http://www.vondess.com/nynorsk_innanfor_logo.jpg">.
Her ser ein at HTML-tagen for å syne eit bilete tek til med <img src og deretter skriv ein inn adressa til og namnet på biletet. Alle taggar skal avsluttast, og då er det skilnad på dei ulike HTML-versjonane, men det skal me ikkje gå inn på her. På Blogger fungerar det å avslutte mellom anna img-tagen med berre >.

Kva med bilete i postane?
Dersom du vil leggje eit bilete i ein post, gjer du omlag det same, berre at du skriv inn img-tagen i teksten. Du treng altso ikkje endre noko i template.
Døme: Om du skriv ein tekst om HTML-tagar, kan du til dømes leggje inn eit litt humoristisk bilete. Om du då skriv inn følgande i teksta di:
<img src="http://www.thinkgeek.com/images/products/front/body.jpg">
vil det sjå slik ut når du etterpå les posten din:


(For dei heilt grøne, kan her nemnast at <body> er ein HTML-tag og sidan mange tagar lyt avsluttast med same tag, står det på ryggen av trøya </body>. Skråstreken syner her at body-tagen sluttar.

Kva om ein ynskjer å lage ein lekk til noko?
Når du opnar ein bloggerkonto, vil det i høgrerada vera tre lekkjer som ser slik ut:

  • Google News

  • Edit-Me

  • Edit-Me

  • Desse kan du endre ved å gå inn i Template og finne <MainOrArchivePage>. Det ligg etter profilen. Der det står til dømes
    <a href="http://news.google.com/">Google News</a>
    byter du ut adressa til news.google.com med den adressa du vil lekkja skal peike til og teksten som skal synast til namnet på lekkja.
    Om du då vil ha ei lekk som peikar til nynorsk.no, vert det sjåande slik ut:
    <a href="http://www.nynorsk.no/">Nynorsk.no</a>
    Då ser lesaren av bloggen din det slik:
    Nynorsk.no

    Same tagen kan du nytte inne i postane dine.

    Kva om ein vil at ein ved å trykkje på biletet skal kunne verte sendt vidare til ein annan stad på nettet?
    Som du ser i posten Statt opp du staute maalbloggar kan du ved å trykkje på biletet verte sendt til http://www.nynorsk.no/nmu/
    For å få til dette, kan ein kombinere dei to tagane me no har lært oss; img og a.
    Det vil då sjå slik ut:
    <a href=http://www.nynorsk.no/nmu/><img src="http://www.nynorsk.no/nmu/bilete/bumerke.gif"/></a>
    Som ein ser, har eg sett inn img-tagen der "namnet" på lekkja skal stå. Då vil ein ved å trykkje på biletet koma til lekkjeadressa, på same viset som ein kjem dit ved å trykkje på tekst dersom det hadde stått det der.

    Dette fungerar både i postar og i høgrerada.


    Eg veit ikkje om dette gav meining, for eg er stort sett sjølvlært og har funne ut ting ved å sjå på kjeldekoda til sider. Folk som kan HTML vil truleg ha mange ting å utseia på både terminologi og innhald, men hey; det fungerar!

    Heimelekse:

    1: Set inn eit bilete anten i ein post eller i høgrerada på bloggen din.
    2: Endre standardlekkjene i høgrerada til noko meir givande.
    3: Nytt a-tagen til å syne til ekstern informasjon i ein post.
    4: Set inn eit bilete som ein ved å trykkje på kan koma til ein annan stad på nettet.

    Post lekkje til oppgåveløysingi di i kommentarane til denne posten.

    Lukke til, alle saman!

    laurdag, april 01, 2006

    Ljos i murkret

    I dag oppdaga eg ein referent eg ikkje skjøna noko av.
    Det var frå 2BB1 sin bloggstad.
    Eg vart nyfiken og gjekk for å sjå korleis dette kunde ha seg, og jammen oppdaga eg den fyrste permalekkja som syner åt bloggen min.

    Slikt vermer eit ferskt bloggarhjarta!

    Takk for at du gjorde dagen min litt ljosare 2BB1! :)

    fredag, mars 31, 2006

    Statt upp du staute maalbloggar!

    Då eg søkte etter andre bloggarar som har "nynorsk" som interest, fann eg berre sju treff. Dette er litt skuffande, for eg har vore borti fleire bloggarar som skriv feiande flott nynorsk. Eg har sysla med tanken å leggje permalekkjer til bloggar i nynorsk språkbunad ute på høgresida her. Dersom du sjølv bloggar på nynorsk, eller har vore borti nokon som gjer det, kan du godt skrive ein kommentar, so skal du sjå at du får ei lekk heilt gratis.





    Statt upp du staute maalbloggar!

    torsdag, mars 30, 2006

    Nynorsk Innanfor



    Bloggen min er no sertifisert som ei Nynorsk Innanfor-side.

    Dette er ei sertifisering som kan nyttast på sider med hovudsakleg nynorsk språk og eg er stolt over å smykke meg med denne.

    Du kan lesa meir om denne sertifiseringi her.

    Vonar innhaldet framover kan halde eit so høgt nivå at det ikkje gjer skam på merket.

    onsdag, mars 29, 2006

    By og land - mann mot mann, eller...?

    Den fyrste reaksjonen eg fekk på at eg hadde byrja blogge var at det jammen var på tide. Det tykkjer eg sjølv med, men vedkomande meinte det var på høg tid av di eg hadde for mange meiningar til å vera bonde. Eg meiner ikkje å hengje ut nokon og veit at vedkomande kjem til å lesa dette. Nett difor torer eg skriva det.
    Eg er viss på at vedkomande meinte å gje ein kompliment, men eg vart eigentleg mest trist.

    Kvifor er det slik mange stader i verdi at nett bønder vert sett på som idiotar?

    Er det av di me er dumme, eller av di folk treng nokon å sjå ned på. Altso; har bønder generelt lægre intelligensnivå enn andre folk, eller vert me berre sett ned på av same grunn som jødar og negrar vert sett ned på av mange?

    Ein kan tenkje seg at dei som flytter vekk frå bygdene og får seg utdanning er dei med høgste intelligensen, og i og med at flukten frå bygdene har ride oss som ei mare dei siste to generasjonane er det berre rasket att.
    Denne teorien held ikkje vatn, ettersom bondehatet er mykje eldre enn den store urbaniseringi. Dei lærde og overklassa har støtt sett på bønder som lægre utrusta, og etterkvart som ikkje "alle" i byom lenger har besteforeldre eller andre slektningar som er bønder, har denne ukunna breidd seg til fleire lag av folket.

    For eg hevdar det handlar om ukunne!

    Kva skal ein bonde kunne?
    Om eg tek meg sjølv som eksempel, kan eg setja opp ei stutt liste over ting eg bør ha greie på. Eg er diverre ikkje agronom, slik eg burde vore for å drive gard, og lyt difor innhente mykje informasjon frå far min, kollegaer og tidsskrifter med meir.

    Jordarbeid:
    - Ha greie på jordsmonn og -struktur
    - Vite kva som skal gjerast med jordi og til kva tid
    - Lesa vêret, sjå på vêrmeldingane og planleggje når det er mogleg å få gjort det som skal gjerast
    - Vite kvar det bør grøftast og korleis
    - Kunne køyre traktor og få gjort det som skal gjerast
    - Ha kjennskap til reidskap so som møkjaspreidar, kunstgjødselspreidar, plog, harv, slodd, såmaskin, slåmaskin, rundballemaskin, rundballepakkemaskin med fleire
    - Kunne utføre enkle reparasjonar på før nemnte reidskap, for Fanden skal vita at det går sundt midt i travlaste onni
    - Skogsarbeid...

    Fjøsarbeid:
    - Kunne fôre kalvar, kviger, mjølkekyr, sinkyr og uksar på rett vis
    - Kunne mjølke kyrne når dei skal mjølkast, på ein måte som gjer at jurhelsa held seg god
    - Kunne ha god reinsemd slik at dyri er friske og har god trivsel
    - Vite når kyrne er brunstige og få inseminert eller para til rett tid i syklusen
    - Sjå teikn på sjukdom og kunne grunnleggjande fyrstehjelp
    - Vite kva dei eventuelt skal vaksinerast mot og når
    - Vera jordmor ved kalving
    - Vita korleis ein får tame og medgjerlege dyr
    - Kunne handsame alle dyr, frå kalvar på 20kg til uksar på 700kg, utan at dei eller ein sjølv vert skadd
    - Halde god hygiene og bruke rett kjemikaliar for å halde jamn og god kvalitet på mjølk og kjøt
    - Vera snarrådig når storuksen har slite seg...

    Vedlikehald:
    - Kunne bruke hamar og spikar på eit slik vis at eit tjuetals bygningar ikkje forfell
    - Kunne bruke før nemte reidskap til å gjera om etterkvart som ein får andre turfter eller det kjem pålegg frå Brüssel om å endre på ting
    - Vera murar om det trengst
    - Vera røyreleggjar når røyr spring lekk fredag kl. 16.01
    - Vera målar når dei før nemnte bygnadane flassar utilgjeveleg mykje...

    Økonomistyring:
    - Ettersom ein er sjølvstendig næringsdrivande, lyt ein sjølv passe etter at ein ikkje investerar over evne, men helder ikkje sparar seg til fant
    - Ein lyt kunne setje opp eit budsjett, so ein veit kva ein har å rutte med og kan forvente å kunne ta ut til privat forbruk
    - Ein skal kunne føre sin eigen rekneskap på eit slikt vis at revisorane ikkje får alt for mykje slå seg for bringa etter...

    Og so burtetter og so burtetter.

    Og då har eg ikkje nemt at ein skal prøve å få fritid og tid saman med familien.

    Eg innser at eg ikkje kan alt dette. Eg kjem truleg ikkje til å kunne alt nokon gong helder, og dette er berre ei stutt liste eg raska saman.

    Eit stutt samandrag:
    - Jordarbeidar
    - Skogarbeidar
    - Dyrehaldar
    - Veterinær
    - Sjef
    - Økonomistyrar
    - Snikkar/murar/røyrleggjar
    - Mekanikar
    - Familiefar...

    Men dei viktigaste eigenskapane ein kan ha som bonde er truleg å vera snarrådig og flink til improvisere.

    Eg veit ikkje om dette kvalifiserar til å verte sett ned på, men eg skriv det på ukunna - for eg vil ikkje falla i den grøfti å kalla byfolk idiotar...

    By og land - mann mot mann, eller...?

    EDIT: Les dette!

    tysdag, mars 28, 2006

    Og Jordi har vorte rund!

    I gamle dagar, då alt var mykje vanskelegare, var alt mykje enklare.

    Til dømes inneheldt ting mykje færre ingrediensar. Ikkje berre maten, men alt.
    Det var til dømes sju metall å kunne: sylv, kvikksylv, kopar, gull, jarn, tinn og bly.
    Verdi var bygd opp av fire element; jord, eld, vind og vatn.
    Og menneska var samansette av fire stoff; blod, slim og gul og svart galle, dei sokalla kardinalvætene. Desse samsvarar med dei fire elementi, ved at blodet er varmt og fuktig og svara til luft, slim var vått og kaldt og svara til vatn, gul galle var varm og turr og svara til eld og svart galle var turr og kald og svara til jord.

    Blandingsforholdet millom dei ulike vætene avgjorde personlegdom, væremåte, helse og kjønn. Kvinnfolki inneheldt meir galle enn menn og ein kan vel tenkje seg kvar den tanken kom frå (les forrige post).

    No er alt so komplisert. Ikkje berre inneheld maten mykje meir, slik som til dømes konserveringsmiddel som gjer at kyrkjegardsgravarane sin kvardag vert ein heil del eklare, ettersom me ikkje rotnar som me brukte gjera i gamle dagar då maten ikkje inneheldt so mykje rart, og dei grev opp so og seia inntakte lik etter 20 år, men alt inneheld mykje meir.

    Kor mange grunnstoff har me ikkje no til dags? Jau, 103! Det er jo galskap! Sju metall går det an å hugse på, men 103 - det er berre tull å gå ikring og hugse på, jamfør naturfag på gymnaset.
    Og menneska er ikkje bygt opp av fire stoff lenger nei. No veit dei ikkje berre om blod og magesyre og snørr, men dei veit at det er bygd opp av atom som i sin tur er sett saman av protonar og nøytronar og kokosmakronar, og kven veit kva dei så er sett saman av?

    Fysikk og biologi i gamle dagar trur eg var mykje morosamare enn det er no. Då kunne dei jo berre finne på noko dei tykte var morosamt og so late som dei fann prov på det. Disseksjonen kom jo ikkje før lenge etter at dei fann ut at me var bygde opp av slim, blod og galle. (Det var vel då dei byrja med det, at dei fann ut at det ikkje var nett slik dei hadde trudd.)

    Eg prøvde ofte denne metoda i før nemnte skulefag, men ingen av lærarane gav meg noko særleg uttelljing for at eg var oppfinnsam og nytenkjande.

    Ikkje rart me er vorte fantasilause og desillusjonerte!

    Og Jordi har vorte rund!

    måndag, mars 27, 2006

    Vil du'kje, so skal du...

    Alle Guds skapnader vert styrde av to ting: Instinkt og hormon.
    Mennesket er ikkje noko undantak i so måte.
    Vær no ærleg med deg sjølv og spør deg: "Kva gjer me her på Jordi", og "Kva ynskjer eg å gjera her på Jordi?"
    Svaret på det fyrste er: "Me et, søv, formeirer og forsvarar oss".
    Svaret på det andre kan nok variere noko, men alt kokar ned til dette; me handlar av instinkt for å få dekt turftene våre, og hormoni hjelper oss til millom anna å føre slekti vidare og verte fryktlause idiotar når nokon trugar territoriet vårt.

    Kvar vil eg so med dette?
    Jau, eg kom til å tenkje på dette av di eg har tenkt ein del på kvifor kvinnfolki slær seg so kokande vrange når dei har månadstidi si. Då er dei sure som sild og krever til og med at me skal respektere dei for det, av di "det berre ER slik!"

    Ja, slik er det berre. Det har eg innsett. Men kvi er det slik? Har dette nokon funksjon i kampen for å overliva?
    Eg trur det, for kva er einaste botemiddelet mot menstruasjon?
    Jau, bortsett frå alder og toppidrett, er den sikraste medisin graviditet.
    Mi tese går altso ut på at kvinnfolka sine lunefulle påfunn er naturen sin måte og straffe oss mannfolk på, av di me ikkje har sett til at dei har vorte gravide, og altso fører slekti vidare.

    Ikkje berre har me vorte laga slik at me ynskjer å gjera slikt som lyt til om ein skal verta fleire, men jammen er det utligna ein straff som ventar på oss, om me ikkje greier å fullføre oppdraget.

    Vil du'kje, so skal du...

    søndag, mars 26, 2006

    Snu om på bokstavane - Det gjev meining!

    I desse dagar held Vesten pusten i redsle for å få fugleinfluensa - ei sjuke som faktisk ikkje finst endå! Fugleinfluensa smittar frå fugl til fugl og stundom til menneske dersom ein bur i eit hønehus der alle hønene er smitta og står i ring kring deg og hostar på deg medan du hyperventilerar.

    I andre deler av verdi døyr folk som fluger av det ein kan kalla flugeinfluensa - Malaria. Malaria smittar ved at ein får eit flugebit. Det drep ein unge kvart 30 sekund og smittar minst 500 millionar menneske kvart år. Av desse døyr minst ein million. (Kjelde: UNICEF)

    Men dette er jo i Afrika...

    Snu om på bokstavane - Det gjev meining!