fredag, mars 31, 2006

Statt upp du staute maalbloggar!

Då eg søkte etter andre bloggarar som har "nynorsk" som interest, fann eg berre sju treff. Dette er litt skuffande, for eg har vore borti fleire bloggarar som skriv feiande flott nynorsk. Eg har sysla med tanken å leggje permalekkjer til bloggar i nynorsk språkbunad ute på høgresida her. Dersom du sjølv bloggar på nynorsk, eller har vore borti nokon som gjer det, kan du godt skrive ein kommentar, so skal du sjå at du får ei lekk heilt gratis.





Statt upp du staute maalbloggar!

9 Kommentarar:

Blogger silje sa...

Eg er smigra, og vert gjerne med på eit slikt oppbyggeleg prosjekt.

Nynorsk rockar.

Snakkast

1/4/06 14:22  
Blogger ADM sa...

Eg er med!

1/4/06 17:59  
Blogger polytaus sa...

Eg er og med :)

1/4/06 18:04  
Blogger polytaus sa...

Tips om bloggar på nynorsk:
http://raudstjerne.blogspot.com
www.tromp.no

1/4/06 19:13  
Blogger Rambukk sa...

Etter å ha lese ei rekkje nynorsk-bloggar ute i veven, har inspirasjonen teke tak i meg, men utan at eg dermed vil konvertere heilt. Eg vil likevel freiste å skrive nokre postar på nynorsk i framtida. (Det kvalifiserer kanskje ikkje til ei lenkje, men det går bra)

1/4/06 22:57  
Blogger Mari sa...

Eg kan godt og vera med. Hjarteleg helsing mari

2/4/06 17:14  
Blogger Journey sa...

Orsak.
Som du kan hende vil finne ut, er eg eit rotehovud!

30/4/06 14:05  
Blogger Kjetil sa...

Stapp gjerne meg og inn!

28/6/06 16:57  
Anonymous Anonym sa...

ma sjekke:)

26/12/09 15:37  

Legg inn en kommentar

<< Home