tysdag, mars 28, 2006

Og Jordi har vorte rund!

I gamle dagar, då alt var mykje vanskelegare, var alt mykje enklare.

Til dømes inneheldt ting mykje færre ingrediensar. Ikkje berre maten, men alt.
Det var til dømes sju metall å kunne: sylv, kvikksylv, kopar, gull, jarn, tinn og bly.
Verdi var bygd opp av fire element; jord, eld, vind og vatn.
Og menneska var samansette av fire stoff; blod, slim og gul og svart galle, dei sokalla kardinalvætene. Desse samsvarar med dei fire elementi, ved at blodet er varmt og fuktig og svara til luft, slim var vått og kaldt og svara til vatn, gul galle var varm og turr og svara til eld og svart galle var turr og kald og svara til jord.

Blandingsforholdet millom dei ulike vætene avgjorde personlegdom, væremåte, helse og kjønn. Kvinnfolki inneheldt meir galle enn menn og ein kan vel tenkje seg kvar den tanken kom frå (les forrige post).

No er alt so komplisert. Ikkje berre inneheld maten mykje meir, slik som til dømes konserveringsmiddel som gjer at kyrkjegardsgravarane sin kvardag vert ein heil del eklare, ettersom me ikkje rotnar som me brukte gjera i gamle dagar då maten ikkje inneheldt so mykje rart, og dei grev opp so og seia inntakte lik etter 20 år, men alt inneheld mykje meir.

Kor mange grunnstoff har me ikkje no til dags? Jau, 103! Det er jo galskap! Sju metall går det an å hugse på, men 103 - det er berre tull å gå ikring og hugse på, jamfør naturfag på gymnaset.
Og menneska er ikkje bygt opp av fire stoff lenger nei. No veit dei ikkje berre om blod og magesyre og snørr, men dei veit at det er bygd opp av atom som i sin tur er sett saman av protonar og nøytronar og kokosmakronar, og kven veit kva dei så er sett saman av?

Fysikk og biologi i gamle dagar trur eg var mykje morosamare enn det er no. Då kunne dei jo berre finne på noko dei tykte var morosamt og so late som dei fann prov på det. Disseksjonen kom jo ikkje før lenge etter at dei fann ut at me var bygde opp av slim, blod og galle. (Det var vel då dei byrja med det, at dei fann ut at det ikkje var nett slik dei hadde trudd.)

Eg prøvde ofte denne metoda i før nemnte skulefag, men ingen av lærarane gav meg noko særleg uttelljing for at eg var oppfinnsam og nytenkjande.

Ikkje rart me er vorte fantasilause og desillusjonerte!

Og Jordi har vorte rund!